Hopp til innhald

Tamarind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tamarind
Tamarind
Tamarind
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Detarioideae
Stamme: Amherstieae
Slekt: Tamarindus
Art: Tamarind T. indica
Vitskapleg namn
Tamarindus indica

Tamarind (Tamarindus indica) er ein plante i erteblomfamilien som opphavleg kjem frå Afrika og er vanleg der og i Sør- og Søraust-Asia.[1] Han er den einaste arten i slekta. Namnet kjem frå arabiske tamr hindī, som tyder ‘indisk daddel’.[2] Planten er eit høgt tre, og veden er svært hard og blir mellom anna nytta til stokkar til å gå med. Fruktbelgane og frøa blir nytta som føde. Fruktkjøtet er syrleg og inneheld 25 % sukker.

I tillegg til i India blir det dyrka større mengder tamarind i Thailand, Mexico og Costa Rica.[3]

Tamarind er eit opptil 30 meter høgt tre. Stammen kan ha ein diameter på 2,5 meter i brysthøgd. Nokre eksemplar utviklar frukter når dei er 200 år gamle. Modne frukter har ein kanelbrun farge. Eit modent tre produserer kvart år opptil 225 kg frukter.[3]

Umodne tamarindbelgar blir etne som grønsak, fruktene er svært syrlege. Frøa er omgjevne av ein brun pastaliknande masse som blir teke vare på og blir selt i boksar eller pressa til kaker. Det harde skalet gjer ikkje frå seg fukt, og pastaen blir derfor hindra frå å tørka ut – frukt med skal på er derfor særs haldbar. Tamarind blir nytta i HP-saus og worcestershiresaus for den syrlege smaken sin, og er ofte del av asiatiske matskikkar.[3]

  1. El-Siddig, K. (2006), Tamarind: Tamarindus Indica L. (på engelsk), Crops for the Future, ISBN 978-0-85432-859-8, henta 8. juli 2024 
  2. Olsson, Olle G.: «tamarind» i Nationalencyklopedin på nett. Henta 1 december 2015.
  3. 3,0 3,1 3,2 Small, Ernest: Top 100 Exotic Food Plants «Tamarind», CRC Press, 2011, s. 559−560. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]