Hopp til innhald

Aga Burjatia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aga Burjatia
Агинский Бурятский автономный округ
Агын Буряадай автономито округ
sjølvstyrt område
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Aust-Sibir
Del av Den sibirske føderasjonskrets
Hovudstad Aginskoje
Areal 19 600 km²
Folketal 77 167
Språk russisk, burjatisk
Tidssone UTC +9
Bilnummer 80
Kart
Aga Burjatia
51°00′N 114°30′E / 51°N 114.5°E / 51; 114.5
Aga Burjatia på kartet over Russland i 2005.
Aga Burjatia på kartet over Russland i 2005.
Aga Burjatia på kartet over Russland i 2005.
Wikimedia Commons: Aga Buryatia

Aga Burjatia[a] var eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det var del av Tsjita oblast, men samstundes eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden var Aginskoje, arealet var 19 300 km² og innbyggjartalet var 73 500 (2005). Den 1. mars 2008 vart distriktet slått saman med Tsjita oblast og danna det nye territoriet Zabajkalskij kraj.

Kart over Aga Burjatia.

Aga Burjatia var fullstendig omslutta av Tsjita oblast, sør i Sibir, nær grensa til Mongolia. Området er berglendt, høgste punktet er fjellet Alkhanaj, 1663 meter over havet. Om lag 30 % av arealet er skogkledd. Klimaet er kontinentalt, med kalde vintrar og varme somrar. Middeltemperaturen i januar er frå   –22 til –26 grader celsius, i juli +18 til +20 grader celsius.

Aga Burjatia har ingen stader med bystatus. Ved folketeljinga i 2002 var fleirtalet burjatar (62,5 %). Russarar utgjorde 35,1 % av folketalet.

Burjatane, eit mongolsk folkeslag, vart underlagt russisk herredøme i 1648. Busetjinga Aginskoje vart grunnlagd i 1781. Etter den russiske revolusjonen i 1917 var det kampar mellom sovjetiske og "kvite" styrkar i området. Sovjetmakta vart etablert i 1920. Det autonome distriktet vart oppretta 26. september 1937. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Aga Burjatia eit russisk føderasjonssubjekt.

  1. russisk Агинский Бурятский автономный округ Aginskij Burjatskij avtonomnyj okrug, burjatisk Агын Буряадай автономито округ Agyn Burjaadaj avtonomito okrug

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]