Hopp til innhald

Brukar:Aalen22x

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg byrja å skriva her etter å ha lese om nynorsk wikipedia i nettutgåva til Sogn Avis i januar ein gong, og har særleg bidrege med artiklar om kjemi og annan naturvitskap, men òg om andre ting som fell meg inn. Til dømes mat og handarbeid.

Det er inspirerande å sjå korleis nynorsk wikipedia har vakse på det knappe halvåret eg har vore her. Særleg kjekt synest eg det er å sjå ein artikkel eg berre har starta veksa seg stor. Bli gjerne med på å laga fleire og betre artiklar om grunnstoff. Sjå Wikipedia:Wikiprosjekt Grunnstoff, mal:Grunnstoff og periodesystemet.

Eg studerer ved universitetet i Bergen. Utanom norsk les og skriv eg engelsk, kan gjera meg greitt forstått på tysk og forstår svensk og dansk.