Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Aalen22x

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Velkommen!

[endre wikiteksten]

Velkommen ombord, Aalen22x! Ser du har gjort ein bra jobb med aluminium allereie, og gler meg til å sjå meir av arbeidet ditt! :-) -- Olve 24. jan 2005 kl. 2000 (UTC)

Velkommen frå meg òg, og stå på vidare! Dette ser bra ut. -- Ranveig 24. jan 2005 kl. 2347 (UTC)

Velkommen Aalen (om eg får kalla deg det?), kjekkt å ha deg med. Dersom du lurar på noko kan du berre leggje att ei melding på brukardiskusjonen min, eg har særleg god greie på brukarmiljøet (programvaren, all tekst som ikkje er artiklar). --Guttorm 25. jan 2005 kl. 1417 (UTC)


 Takk for velkomsten alle saman. Eg håpar å bidra litt framover, særleg innan naturvitskap og kjemi. 

Det er heilt i orden å kalla meg Aalen. --Aalen22x 25. jan 2005 kl. 2108 (UTC)

Godt og sjå at det er fleire enn meg som les Sogn Avis (eg: opprinneleg frå Sogndal)... Eg meiner at folk (i hovudskap) skal bidra med det dei har interesse av; det er det dei skriv best om. Då handler det kun om å trekkje til seg folk med ulike interesser. --Bep 25. jan 2005 kl. 2135 (UTC)

Bjarteleg helsing frå meg og. 29. jan 2005 kl. 0935 (UTC)

Grunnstoff-mal

[endre wikiteksten]

Heisann! Sidan du har utmerka deg så bra når det gjeld grunnstoff, lurer eg på om du har noko synspunkt på korleis grunnstoff-malen verkar, eller bør verka, og i så fall forslag til utbetring. Som du kanskje har sett har eg prøvd ut malen på Brukar:Eddideigel/Hydrogen, i tillegg til at du nytta han på kalsium. (Eg la inn resten av eigenskapane til kalsium då den noverande utgåva av malen var ferdig.) Eg har sett opp nokre emne for ordskifte på Diskusjon:Grunnstoff, og ser fram til innspel. På førehand takk! Helsing Eddi (Snakk) 1. mar 2005 kl. 0050 (UTC)

Malen ser bra ut. Det kunne vera interessant å ta med ioneradius i tillegg. Elles har eg ikkje merka meg noko enno. Helsing Aalen22x 1. mar 2005 kl. 1803 (UTC)

Ioneradius er sikkert lurt. Eg kan legga det inn for kalsium først. Skal prøva å finna ein måte å oppgje kva for oksidasjonstrinn radien gjeld, utan at det blir for komplisert.
Eg ser du har laga ei liste over grunnstoff som manglar. Viss du brukar grunnstoff-malen når du legg inn desse stoffa, kjem du sikkert over ulike ting som kan gjerast betre eller annleis i malen. Skriv det gjerne ned på diskusjonssida for malen, så kan vi sjå på det etter kvart. --Eddi (Snakk) 6. mar 2005 kl. 2039 (UTC)

Hei! Ser at du har fjerna link frå moreld til phosphorescence. Eg var usikker på om det var rett då eg la den der. Men sidan eg fann den oversettelsen i ei norsk-engelsk ordbok tok eg den med. Veit du om det finns nokon god oversettelse av moreld til engelsk? Eg vurderte Bioluminescence. Er det dekkande?

Eg veit ikkje om noko god omsetjing. Etter å ha lese artiklane meinar eg at det er betre å linka til bioluminescence enn til phosphorescence. en:Bioluminescence omfattar mykje meir enn moreld, men det dreier seg om lys frå levande organismar. Hittil har eg ikkje funne nokon artikkel på engelsk som passar betre. Aalen22x 5. mar 2005 kl. 1044 (UTC)

Hei. Vil berre sei at eg syns spiren din om protein er glimrande.

Det er nok Resk som har æra for artikkelen. Eg har berre sett inn eit bilde eg fann på commons. Aalen22x 11. mar 2005 kl. 2200 (UTC)

Wikiprosjekt Grunnstoff

[endre wikiteksten]

Hei! Eg har oppretta eit Wikipedia:Wikiprosjekt Grunnstoff som eg håper kan bli eit nyttig verktøy i arbeidet med grunnstoffartiklane. Meld deg gjerne på som prosjektdeltakar, og kom med innspel til målsetjingane. Eg er ikkje heilt sikker på korleis struktur og framdrift av eit slik prosjekt fungerer, men finn vel ut av det. Uansett trur eg det trengst fleire deltakarar. Kva trur du er lurast når det gjeld verving? Oppslag på samfunnshuset, direktekontakt med einskildpersonar, noko anna? --Eddi (Snakk) 2. apr 2005 kl. 1336 (UTC)

Eit oppslag på samfunnshuset er verd eit forsøk. Kanskje òg direktekontakt. Elles får me håpa folk blir med om dei ser at det skjer noko. Aalen22x 3. apr 2005 kl. 1518 (UTC)

Hei igjen! Bra jobba med grunnstoffartiklane! Det er rett nok ein månad sidan du la til den siste, men likevel. Etter ein liten ferie driv eg og legg inn malen i artiklar, men i påvente av ein eigen mal for kunstige og ustabile grunnstoff (som eg truleg lyt laga sjølv :) ventar eg førebels med ein del av transurana. Av andre saker har eg eit nytt framlegg om kategorisering av metall. Helsing Eddi (Snakk) 4. juli 2005 23:51 (UTC)