Khudzjand
Utsjånad
![](http://178.128.105.246/content-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/37/Historical_Museum_of_Sughd.jpg/220px-Historical_Museum_of_Sughd.jpg)
Khudzjand (tadsjikisk Хуҷанд Khudzjand) er ein by i Tadsjikistan ved utlaupet til elva Sirdarjo i Ferganadalen, 150 km sør for Tasjkent. Han hadde i 2002 147 400 innbyggjarar.
Byen har tekstilindustri (bomull og silke), skotøy- og næringsmiddelindustri. Han har eit universitet frå 1991. Mellom 1936-90 heitte byen Leninabad. Han vart hærteken av Aleksander den store i 329 f.Kr. og av russarane i 1866.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Khodsjent» i Store norske leksikon, snl.no.